Barndomsheimen til Hans Hyldakk, Kleiva, er under restaurering. Men det manglar ein del original takstein.
Maja Frønes som har ansvar for musea i kommunen, skriv:
Til restaurering/omlegging av tak på Kleiva har vi behov for suppleringsstein. Mål: 38 cm tvers over steinen. Ta gjerne kontakt om du har noko liggjande!
Restaureringa starta denne veka, og det vil bli gjort fleire utbetringar av både tak, kledning, golv og drenering. Tiltaket er støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune si krisepakke for koronatiltak.
Tradisjonshandverkarar frå Husasnotra utfører arbeidet.
Kontaktinfo:
Maja Frønes, Nordmøre museum avd. Surnadal, tlf: 91399452