Ulven har herja i fleire saueflokkar i Sunndal og Nesset den siste tida, og truleg har den vore på ferde i Innerdalen skriv Driva.no. Da er det kort veg over til Todalen, og det er derfor viktig å halde eit auge med i det som skjer. Både Surnadal kommune og Rindal kommune er interessert i å få info om observasjonar som blir gjort, skriv skogbrukssjef Tore Gjul i Surnadal kommune i ein e-post til Todalen.no.
«Vedr. observasjon av ulv: Surnadal kommune og Rindal kommune er interessert i å få opplysninger viss det blir observert ulv i vårt område. Det er nå bekrefta at ulv har tatt sau både i Nesset og Sunndal, og siste sannsynlige sted er i Innerdalen. Dermed er det sjanse for at dyret kan vandre videre til Surnadal eller Rindal. Kontaktpersoner er: Surnadal kommune v/Tore Gjul. Rindal kommune v/Erik Halvorsen»
Siste: Det førebus no jakt etter ulven som har herja i Innerdalen, Sunndalen og Nesset. Det organiseres jakt etter ulven i seks kommunar, sjølv om fellingsløyvet i Sunndal gikk ut ved midnatt natt til torsdag. Men ny fellingsløyve blir nok gitt dersom det blir gjort nye observasjonar. Les kva Driva.no skriv om saka på sine nettsider.