Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du sakna «Jul på Nordmøre»?

Jon Olav Ørsal Fredag 29. november 2024

Vi har faktisk opplevd at det er fleire som har etterlyst juleheftet «Jul på Nordmøre».  Ein kjapp telefon til redaktøren avklarte spørsmålet, for Lars Steinar Ansnes kunne informare om at årets utgåve har vore litt forsinka av ymse årsaker, men i dag er julehefta på tur ut til utssalgsstadene i ekspressfart.  I Todalen er det Matkroken Todalen som er forhandlar, og her skal årets hefte være i sal frå måndag. 

Lars Steinar fortel at årets hefte har mykje god lesnad – både lokalhistorier, juleforteljingar og mykje anna godt stoff som det er verdt å få med seg.  Som vanle er framsida eit kunstverk i seg sjøl, med tegning frå Bergliot Hals.  Det er faktisk mange som samlar på julehefta som Bergliot har tegna framsida til.  I året hefte er det mange skriventar – faktisk både gamle og nye pennar som har vore i aksjon, fortel Lars Steinar Ansnes som held i trådane på det tradisjonelle juleheftet «Jul på Nordmøre».

Publisert: 29. november 2024, 12:21