Det er Kjell Gunnar Polden som lurar på om du eller nokon annan har mista ein hjulmutter. Den vart funne på vegen utafor Hett & Svett/Talgø, og han oppfordrar deg som har skifta hjul til å sjekke om det kanskje er fleire lause muttrar. Det kan være skikkeleg skummelt å miste hjul – ta ein sjekk om det er frå din bil. Det er faktisk ein god rutine å ettersette hjulmuttrane etter hjulskifte!
Det høyrer med til historia at det tok berre nokre få minutt før «muttereigaren» meldte seg til finnaren!
