Revygjengen ligg i startgropa for å lage julerevy til 3. juledag. Det er Håvard Halset som inviterer og han fortel at dei treng folk i «alle posisjonar». Det gjelder både skriving, scenemannskap, lyd- og lysmannskap og ikkje minst aktørar eller om du heller vil skodespelarar.
Har du lyst til å bli med så er det berre å ta kontakt med Håvard på telefon 402 33 465, så er du komen inn i «rullane». Han håpar at det blir mange som vil bli med, og han presiserer at det slett ikkje er noko krav at du er «etnisk todaling» for å bli med.
Revygjengen gler seg til å kome i gang no, og alt neste veke skal det være samling for å legge ei slagplan for julerevyen. Plana er det det skal være framføring av revyen 3. juledag slik som tidlegare. Meld deg på og bli med er vår oppfordring!