Surnadal kommune lyser ut ledig stilling som brannkonstabel i Todalen. Brannlaget i Todalen består av 6 mann, og no er altså ei av stillingane ledig for snarleg tiltreding. Det lokale brannlaget har ein viktig funksjon i bygda, og dei har gjennom sin innsats klart å berge store verdia – vi nemner berre brannen på Todalsøra for nokre år sia.
Du kan finne meir informasjon om stillinga på Surnadal kommune si heimeside – søknadsfristen er sett til 6.3. 2016. Spørsmål om stillingane kan rettast til brannsjef Tor Arne Moen på tlf. 716 55 871 eller mobil 909 29 031.