Under Todalsdagen komane laurdag, arrangerer Todalen I.L. loppemarknad. No kan du sjekke ut både kjellar og loft for å finne aktuelle og salgbare lopper som du ikkje lenger har bruk for.
Vi tek i mot ting og tang og bøker slik som tidlegare år, men det må være ordenleg og salgbart når vi stiller dem ut. Obs! Vi tek ikkje mot store tunge sofaer!
Vi tek i mot lopper fredag kveld i tidsrommet 19.00-20.00 – du kan også levere på laurdags morgen dersom det kniper. Du kan også ta kontakt med Mari Redalen på telefon 959 24 545 for å avtale levering. Det er Fotballgruppa og Trimgruppa som er komite, og all inntekt går til gruppene.