På loppemarknaden under Todalsdagen var det ein kjøpar som sikra seg 12 asjettar og 12 tefat med denne dekoren. No er ho på utkik etter koppane, for dei var ikkje å oppdrive i lag med fat og asjettar, fortel Borghild Talgø som styrte med loppemarkanden. Dersom du har koppane og kan tenkje deg å selje dem, så har altså Borghild kjøpar!
Asjettane er merka med «Bavaria», og det er sikkert koppane også. Ta kontakt med Borghild Talgø dersom du har ei løysing på dette!
