Det spørsmålet stiller Todalen Idrettslag i ei melding til oss. Bakgrunnen er at 71 fakturaer for medlemskontingent for 2024, som vart utsendt i starten av februar, framleis står som ubetalte. Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for Todalen Idrettslag, både direkte og indirekte. Medlemstalet er nemleg grunnlaget for utrekningar og tildelingar av ulike offentlege tilskot, Idrettslaget vil i dagane som kjem sende ut faktura for ubetalt medlemskontingent i posten.
Medlemmer i Todalen Idrettslag kan fritt nytte alle idrettslaget sine anlegg, inkludert Hett & Svett.
Medlemskontingenten vart sendt ut på e-post, så idrettslaget oppfordrar, dei som ikkje har fått fakturaen til å sjekke søppelposten, da det kan hende at den har hamna der. Har ein endra e-postadresse det siste året, bør ein også gje beskjed om dette, slik at medlemsregisteret kan oppdaterast med riktig informasjon.
Idrettslaget ber også om at dei som har fått faktura, men ikkje ønsker å vere medlem lenger gjev beskjed om dette snarast og skriftleg på e-post til elinor.bolme@gmail.com eller endre.talgo@outlook.com, slik at ein kan foreta ei utmelding.
Om det er nokon som ønsker å bli medlem i idrettslaget, men ikkje er det i dag, så kan dei gå inn på httpx://medlemskap.nif.no/26369 og registrere seg der. Idrettslaget ønsker seg fleire medlemmar, spesielt i aldersgruppa 0 – 6 år!
Idrettslaget håper sjølvsagt at så mange som mogleg vil vere medlemmer, og oppfordrar til å betale medlemskontingenten for 2024!