Dette er det teatergjengen med neste helgs oppføring av «Huldredans» som no spør oss om. Dei ønskar at dei som har høvelege trolske eller huldreaktige bilder i arkivet sitt sender de inn innan neste fredag på føremiddagen. Då er det godt mogleg at du får sjå det på lerretet i Storstuå under forestillinga. Fleire dømer er sætre/husmannsplassa, fjord, krøtter på fjella, ja rett og slett todalsnatur! seier Ingvild kårvatn i ein henvendelse til oss. Bildet «Frostrøyk» som Kjetil Sogge vann «Årets bilde 2010» med på todalen.no er dermed i heilt rett kategori, meiner ho.
Bildene kan sendast på e-post til svanhildhu@hotmail.com eller til siljeranes@hotmail.com innan fredag formiddag.