Todalsdagen nærmar seg med stormskritt og dei ulike arbeidsgruppene held no på med sine forberedelsar. I den anledning er det behov for ein ekstra frysar på Bordholmen for lagring av grillvarer som skal produserast opp i forkant dei kommande vekene.
Har du derfor ein frysar i bra stand som du ikkje treng lenger tek du kontakt med Knut Bergli på telefon 905 91 555.
OPPDATERT: Idrettslaget har no fått tak i to «nye» frysarar og takkar derfor for hjelpa!