Hans Inge Klette var det ingen som klarte å hamle opp med på søndagens NorgesCup i randonee på Kårvatn. Søndag var det sprint, med innleiande prolog og deretter finaler. Dagens raskeste var altså Hans Inge Klette, som hadde raskeste finaletid på 3.14 – på prologen hadde han 3.18 og dermed raskeste tid både på prolog og finale i herreklassen.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/02/StartSprintFinaleMennVetJun_8096-1200x814.jpg)
Fra starten i finalen for menn senior veteran og menn junior. Fra venstre Adrian Haugland, Trym Dalset Lødøen, Ove Erik Tronvoll, Robert Beddow, Erik Kårvatn og Edvart Sætran Solli. Foto:Driva/Jon Olav Ørsal
I juniorklassen var det også fart. Her stod konkurransen mellom Trym Dalset Lødøen og Erik Kårvatn på stilte på heimebane. Lødøen var 22 sekund raskere på prodlogen, men Erik klusset litt i finalen og kom heile 38 sekund etter i finalen, men likevel ein fin prestasjon av ein debutant. For menn senior veteran vart det beste tid på Ove Erik Tronvoll som hadde beste tid både på prodlogen og i finalen der han kom i mål på 3.30.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/02/FannyBorgström_8002-1200x838.jpg)
Fanny Borgström frå det svenske landslaget vann finalen 1 lite sekund framfor lagvenninna Johanna Åström. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal
I kvinneklassen senior var det dobbelt svensk også i sprinten, der Fanny Borgström hadde beste tid på både prolog og finale med Johanna Åstrøm på andreplass eit lite sekund etter i mål på sprinten. I kvinneklassen for junior var Vilde Waldal frå Hommelvik aleine i klassen, med finaletid på 5.36 etter 5.38 i prologen.
Til saman var det 18 deltakarar i dagens på arrangementets siste dag, der Todalen Idrettslag stod som arrangør.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/02/ErikKårvatn_7994-1200x817.jpg)
Erik Kårvatn stilte til start på hjemmebane. Litt skikluss gjorde at han mista litt tid, men han kjente at formen sitter inne no! Foto: Driva/Jon Olav Ørsal
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/02/TrymDalsetLødøen_7987-1200x842.jpg)
Trym Dalset Lødøen fikk beste tid i juniorklassen både i prologen og i finalen. foto: Driva/Jon Olav Ørsal
Resultatliste frå dagens konkurranse – last ned PDF-fil
Vi har fått mange fine bilder frå Mari Redalen som var på plass i løypa som portvakt – alle foto Mari B. Redalen
Bildegalleri frå sprinten og området ved arenaen på Kårvatn – alle foto: Jon Olav Ørsal