Handlekvelden på Byggmakker og Hageland kan nok trygt få betegnelsen årets happening på Syltøran. Det var tilstrøyming av kundar både frå fjern og nær, og det var til tider vanskeleg å finne parkeringsplass framfor butikkane. Men dei store butikkane klarte å svelge unna, sjølv om det innimellom vart kø på enkelte plassar.
Men sjølv om det var mykje folk så og det kunne bli litt kø så såg det ut til at folk kosa seg og hadde god tid på handlerunden. Sjølvsagt var det traktering med både marsipankake og bakels & graut til kaffen.
Å arrangere handlekveld har vorte tradisjon på Byggmakker og Hageland – med langope og tid til å sjå seg rundt i butikken. Nytt av året er det at Hageland har invitert med lokale «torghandlarar» som nærast danna ei torggate i gjennomgangen frå Hageland til Byggmakker. Det så ut til å gjera susen, og det var ofte kø for å handle med dei.
Nye opningstider på Hageland Surnadal frå 1. desember
Før jul blir det nye opningstider – og søndagsopen butikk:
Måndag – fredag 10 – 18
Laurdag 10 – 16
Søndag 12 – 17
Julaftan 10 – 12
Vi har laga eit lite bildegalleri frå «torggata» – her treffer du sikkert kjentfolk! Alle foto Jon Olav Ørsal
Talgø – Hageland Surnadal – Byggmakker Surnadal er medlem i Todalen.no