Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «Handle lokalt»-dagen på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. oktober 2022

Laurdag 15. oktober markerer Merkur-programmet den årlege «Handle lokalt»-dagen under slagordet «Handle lokalt – velg nærbutikken». Matkroken Todalen er med i Merkur-programmet, og markerer sjølvsagt «Hanle lokalt»-dagen med gratis kaffe og noko å bite i, for kundane som kjem innom denne dagen.

I tillegg til gratis kaffe og noko å bite i, vil dagen bli markert med plakatar, ballongar og meire til.

«Vi håper alle våre kunder – både gamle og nye, vil komme og støtte nærbutikken ved å handle lokalt på lørdag», seier Terje Nordvik, drivar av Matkroken Todalen.

At vi nyttar nærbutikkane og handlar der, er sjølvsagt viktig for framtida til nærbutikkane og deira eksistens. Dei siste tiåra har vist at dette ikkje er sjølvsagt. Mange nærbutikkar taper i konkurransen mot «lågprisbutikkane» i sentrum, og må stenge dørene. Ålvundeid, i Sunndal kommune, er det siste lokale eksempelet på akkurat dette. Der stengte det lokale samvirkelaget dørene for godt no i haust.

Nærbutikkane, rundt om i bygdene, er ein viktig institusjon i lokalsamfunnet, både som nærbutikk, men ikkje minst som sosial møtestad. Merkur-programmet og deira markering av «Handle lokalt»-dagen, er såleis viktig for å synleggjera nærbutikkane sin rolle i lokalsamfunnet.

Matkroken Todalen ønsker ALLE velkommen på helgehandel og markering av «Handle lokalt»-dagen på laurdag!

 

Publisert: 11. oktober 2022, 05:00