Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Handle heime – fellesaksjon for nærbutikkane

Handle heime – fellesaksjon for nærbutikkane

Jon Olav Ørsal Måndag 4. november 2013

Denne veka trør kommunal- og regionaldepartementet igang ein aksjon for nærbutikkane. Gjennom Merkurprogrammet kjører dei i gang tiltak for at folk skal ta helgehandelen heime – der dei bur. Aksjonen går over heile landet, men er spesielt mynta på bygder og grender som slit med folketalet og har problem med å bevare butikken og skulen sin.  Matkroken L. Hals er ein slik «sistebutikk», og dei er med på denne aksjonen, fortel Terje Nordvik til Todalen.no.

Terje Nordvik fortel at fleirtalet av hushaldningane i bygda er dyktige til å støtte opp og handler lokalt. men samtidig kan han sjå frå offentlege statistikkar at det går rundt 3,0 mill i daglegvarehandel ut av bygda. Han håper difor at aksjonen kan hjelpe til å hente inn noko av denne summen til lokal handel, slik at det kan være med og forlenge levetida på butikken i Todalen.

Fredag og laurdag vil han setje litt ekstra stas på kundane sine, for å gjera helgehandelen ekstra triveleg. Fredag 8. november serveres det gratis kaffe og nylaga smultringar til alle kundane som kjem innom. Laurdag 9. november, som er den landsomfattande aksjonsdagen, vil han slå på stortromma med gratis «graut & bakels». Karen Johanne sørgjer for nykoka smørgraut, og bakelspressa kjem til å gå heile dagen.  Terje ønskjer både todalingar, nordvikgardingar og surndalingar velkomne innom til helgehandel og til eit triveleg besøk i Kaffekroken, og han understrekar at også HalsOil er klar med tankane fulle av verdas beste drivstoff.

Merkurprogrammet som står attafor programmet med «Handle heime»-dagen er aktive med gode råd til nærbutikkane og formidlar i enkelte høve støtte til investeringar og modernisering til sistebutikkar over heile landet. Terje fortel at Matkroken L. Hals har fått slik støtte både til drivstoffanlegget og seinast i haust har dei fått støtte til å modernisere kjøl- og fryseutstyret i butikken. Til slutt lanserer han slagordet frå kundebrevet som blir lagt i postkassane denne veka: «Bruk den nærbutikk når du er ung, så er den der når du blir gammel og tung».

Publisert: 4. november 2013, 15:05