Så kom dagen som har vore planlagt så lenge – Terje Nordvik går over i pensjonistanes rekkjer, og Jorid H. Ansnes rykkjer opp og blir ny kremmar på Matkroken Todalen. Både Terje og Jorid ønska å markere denne dagen, og inviterte like godt alle sambygdingar og «fleire til» på kaffelag denne siste julidagen.
Og todalingane dem kom – litt usikkert kor mange som har vore innom i løpet av dagen, men sanitetskvinnene som stod for trakteringa trudde dei hadde trakter mellom 2-300 da vi drog derifrå ei god stund føre stengetid. – Og jammen gjekk det unna med marsipankake og bakels og graut til kaffien. Folk kom både frå fjern og nær for å ta «avskjed» med avtroppande og like ens ønskje påtroppande lykke til. Ein av dei som var først ute med blomsterhelsing var Terje Talgø som hadde blomsterhelsing både til Terje og Jorid. Han understreka at Talgøkonsernet legg stor vekt på nærbutikkens tenester og signaliserte at Talgø blir med vidare som kunde.
Leiar i Todalen Sanitetsforening Solveig Glærum helsa og med blomsterbukett og takka for stor velvilje for utlån av plass for å selje fastelavnsris, maiblomster og for all help og støtte elles. Elles var naboane Else Halle Olsen og Karin Halle mellom gratulantane og ønska lykke til som pensjonist og takka for godt naboskap. Bernt Venås hadde med fine morellar frå Stangvik – han understreka alvoret i drifta av nærbutikkar. Sjølv har han opplev å bli utan nærbutikk i Stangvik, og så på Kvanne og no blir også nærbutikken lagt ned i heimbygda Meisingset. På Meisingset var det 5 butikkar på den tida han voks opp der. Han konkluderte med at todalingane bestemmer sjølve korleis det skal bli i Todalen i fortsettinga. Han ønska lykke til både til Terje og Jorid.
Sverre Fiske frå Sparebank1 Nordmøre takka Terje for godt samarbeid med gjennom ei årrekkje og håpa sjølvsagt at det gode samarbeidet skal fortsette med nye drivarar på Matkroken i Todalen. Ordførar Hugo Pedersen tok også turen til Todalen for å helse og takke. Terje har gjennom butikken vore ein institusjon, og han understreka kor viktig funksjon ein nærbutikk har – både sosialt og ikkje minst beredskapsmessig når det skjer ting. Les meir om generasjonsskiftet her på Todalen.no
Elles var det mange helsingar, både i form av blomster, flotte barneteikningar og anna form for helsingar både til avtroppande og påtroppande mannskap. Påtroppande mannskap blir med Jorid Haugen Ansnes som kjøpmann og med seg på laget vil ho få Mari Redalen, Marit Tørset og Tonje Kinderås. Avtroppande kjøpmann er glad for at han har funne ein arvtakar, og dreg no direkte ut i ferie etter ein travel sommar i butikken – første del av ferien bli innomlands, men seinare går turen til Portugal.
Både avtroppande og påtroppande takkar for den enorme responsen og alle helsingane – og ein stor takk til alle som tok turen innom butikken denne dagen.
Bildegalleri frå dagens arrangement på Matkroken Todalen – kanskje treffer du kjentfolk her? Alle foto Jon Olav Ørsal