Torsdag var det utdeling av gåver og servering av kaker, kaffe og saft på miljøstasjonen i Surnadal. Avfallsselskapet HAMOS feirar 20-årsjubileum og arrangerer bursdagsfeiring i alle dei 11 kommunane som er tilknytta bedrifta. Selskapet vart stifta 6.november i 1995 av dei fem kommunane Hemne, Agdenes, Meldal, Orkdal og Snillfjord. Rindal kommune vart med i selskapet i 1999, og Surnadal kommune har vore brukar av Hamos frå 2011.

Ordføraren gratulerte med jubileet. Torbjørn Evjen og Ann Jorunn Gangnes arbeider ved hovedkontoret for Hamos på Orkanger og Stein Egil Aakvik er formann ved miljøstasjonen i Surnadal. Frå venstre: Aakvik, Evjen, Nyheim og Kjøren. Foto: D.J.H.
Ordførar Lilly Gunn Nyheim møtte opp for å gratulere med jubileet. Ho uttrykte at ho er svært godt fornøgd med tenestene til HAMOS. Ikkje minst synest ho det er bra at det ikkje har vore gebyrauke i dei åra Surnadal har vore med i Hamos.
Driftsleiar i Hamos, Torbjørn Evjen, seier at miljøstasjonen i Surnadal er eit av dei beste anlegga dei har. Det er god plass og svært brukarvenleg. Her er det rundkjøring slik at dei som kjem med søppel, slepp å rygge. I tillegg får ein hjelp av blide karar til å sortere og løfte søppelet som blir levert. Levering av avfall er gratis. Men han oppfordrar folk til å nytte heimekompostering, det gir 15 % avslag renovasjonsavgifta. Berre om lag 10 % av husstandane har kompostering, det er for lite. Det er viktig å få ned mengda på søppel, og kompostjord er godt for blomsterbeda. Ein stor del av søppelet som blir henta av søppelbilen, er nemleg matavfall.
Dei tilsette ved avfalsanlegget i Surnadal er glade for sorterings- og omlastningshallen. Her inne blir søppelbilane tømde og søppelet sortert, og for dei tilsette er det svært kjekt å arbeide under tak. Det blir mindre mat for kråkene,og.
OMBRUKSBUA – gi og ta

Inne i ombruksbua. Tone Sandem er brukar og kjempefornøgd med dette tiltaket! Frå venstre: Stein Egil Aakvik og Tone Sandem. Foto: D.J.H.
Siste nytt ved Miljøsatsjonen i Surnadal er ombruksbua. som fungerer slik: «Har du noko du ikkje treng lenger og som du tenkjer andre kan ha nytte av? Gi det bort ved å setje det i ombruksbua. Finn du noko du har bruk for? Ver så god, du ta kan det med deg heim – heilt gratis!» Dette er eit populært tiltak fortel formann ved anlegget i Surnadal, Stein Egil Aakvik. Men klede og skor skal framleis gå til Fretex.

Karane prøvesit ein sofa i ombruksbua. Frå venstre Kåre Andersen, Hans Gundersen og Stein Egil Aakvik. Foto: D.J.H.
Jubileumsfeiringa var triveleg, og erfaringa etter mange turar for å levere avfall på miljøstasjonen i Surnadal, er at dette er eit utruleg godt tilbod for innbyggjarane i kommunen.

Leif Olav Bævra og Vegard Holten synest dei har ein kjekk og triveleg arbeidsplass. Sørvisinnstilte karar. Her i samtale med ein kunde. Frå venstre: Leif Olav Bævre, Vegard Holten og Hans Gundersen