I dag tidleg vart vegen i Hauann litt for smal, da to semitraller møttes på Nordvik. Den eine med fullt lass med element frå Talgø Bygg og den andre på tur innover i same ærend. Dermed bar det i grøfta med den eine bilen, men begge bilane hadde liten fart og verken bilar eller mannskap kom til skade.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2022/10/BjornArne-Ostbo_NB_0853.jpg)
Bjørn Arne Østbø frå Nordmøre Bilberging var raskt på pletten og hjelpte semitraileren opp på vegen igjen. Foto Jon Olav Ørsal
Men bilen som hamna i grøfta måtte ha bistand for å kome seg på vegen igjen, og dermed vart det eit oppdrag for Nordmøre Bilberging. Med bergingsbil vart det ein lett match, og bilen i grøfta kom raskt på vegen igjen og var klar for å fortsette turen til Trondheim med uskadd bil og last – men sjølvsagt litt forsenka.