Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
HalsOil – Kortautomat igjen frå torsdag 18. januar

HalsOil – Kortautomat igjen frå torsdag 18. januar

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. januar 2012

Torsdag 18. januar blir det montert ny kortautomat på HalsOil drivstoffanlegg ve ICA Todalen. Da blir det igjen muleg å fylle verdens beste drivstoff og betale med kort – 24 timar i dagnet, fortel handelsmann Nordvik til Todalen.no. Etter ei forsenkeing på grunn av julehøgtida er det no klart at kortautomaten blir montert i neste veke, etter å ha vore ute av drift sia 1. september.

På nettsida til Tidens Krav står det i allfall at regjeringen skal bruke 21 mill. til å betre drivstofftilgangen i distrikta. Kanskje Borten Moe fekk sjå kor stor betydning lokal drivstoffleveranse har for bygdesamfunna, da han besøkte HalsOil i fjor vår?

Først publisert: 11. januar 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 10. januar 2012, 23:24