Som tidlegare meldt inviterer Matkroken Todalen til kaffeslabberas på den nasjonale nærbutikkdagen i morgon laurdag. Da blir det også ei prisbombe med drivstoffprisar som vi berre kjenner frå 1900-talet – kr 12 pr liter både for bensin og autodiesel. Tilbodet gjeld kun i opningstida frå kl 9.30 til kl 16
Med slagordet «handle lokalt – vel nærbutikken» er nærbutikkdagen ei årleg kampanje i regi av Merkur. Målet er å sette fokus på kor viktig nærbutikkane er som møteplass, servicestad og salsplass for daglegvarer.
– Når kundane vel å handle hos Matkroken Todalen er de med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Nærbutikken er ein viktig del av det lokale næringslivet. Fleire stader vert det etablert nye arbeidsplassar rundt nærbutikken, og ein støttar opp om lokale arbeidsplassar når man handlar lokalt, seier Terje Nordvik, som er innehavar av Matkroken Todalen.
Laurdag serverer Matkroken Todalen gratis kaffe og blautkake på kundane frå kl. 10.00 og utover. I tillegg blir altså det gode tilbod på drivstoff – både bensin og autodiesel.
– Vi ønsker å takke dei trufaste kundane våre som handlar i sitt eige lokalsamfunn. Nærbutikken er ikkje berre viktig som salsplass for daglegvarer, men fungerer som et viktig møtestad der folk kan treffast og være sosiale. At vi har et butikktilbod gjer dessutan bygda meir attraktiv for nyetableringar, seier Nordvik
Kampanjeleiar for nærbutikkdagen, Per Kjetil Jørgensen, fortel at interessa for nærbutikkdagen har vore stigande dei siste årene. – I 2013 var det 160 butikkar som deltok i kampanjen. Deltakartalet har steget jamt og trutt sia da, og i år har vi over 350 påmeldte butikkar, seier Jørgensen