Vi gjorde ei lita uoffisiell prissamanlikning i dag – noterte kort og godt prisane på bensinstasjonane på Skei, og samanlikna med prisane på HalsOil når vi var attende i Todalen.
Har vore klar over at prisane har svinga ganske mykje på besinstasjonane i Surnadal, medan dei har vore ganske så stabile på stasjonen i Todalen. Vart vel egentleg litt overraska over at HalsOil var billigast «all over», og at prisforskjellen var så mykje som kr 3,91 pr liter i forskjell på dieselprisen mellom HalsOil og Cirkel-K på stasjonen på Vasseng. På bensinprisen er det kr 1,90 forskjell på dyreste alternativ – her er det Esso som er dyrast.
Prissamanlikninga vart gjort tysdag i lunch-tida, og i Todalen like etterpå.