Halset vasslag er i full gang med oppgradering av vassverket. For nokre år sia vart det bygd ny brønn på anlegget, og no er det anlegg for filtrering og UV-stråling som står for tur. Det blir bygd nytt hus til dette like ved Oppistua på Halset, som skal huse alt det tekniske utstyret som skal til. Det er ei investering for Halset vasslag på 5-600.000 som skal til for å få vassverket godkjent av Mattilsynet, og det meste av arbeidet skjer som dugnadsinsats.
Det skal monterast AMF-filter, med grovfilter og filtertankar og UV-anlegg. I tillegg skal det monterast utstyr for tilsetjing av vannglas for å justere og stabilisere PH-verdien som er i lågaste laget. – Kravet er 6,5, medan det her ligg på rundt 5,9, fortel Håvard Halset som er primus motor og ein av dei store vassbrukarane med mjølkekyr i fjøset i Nestua. Totalt har vasslaget 28 abonnentar frå Halsabrua og utover til Hegerneset. Det er plana at anlegget skal være ferdig før det blir vinter.