No klokka 15:30 kunne Håvard Halset frå Halset Vasslag informere om at alle abonnentane har fått att vatnet. Røyrbrotet på Todalsøra var ferdig reparert i 15-tida.
Vasslaget mistenkte òg eit anna røyrbrot i tilknyting til kryssinga av Inneråa, men etter grundige undersøking vart det klart at det ikkje var noko røyrbrot her.
Så da kan bebuarane på Todalsøra gå helga i møte med rennande vatn frå kranane att!