Da kan Halsa IL puste letta ut og nok ein gong gratulerast med vel gjennomført Halsa cup 2013. 8 G12 lag møttes på Halsa stadion til fartsfyllt fotballmoro ispedd litt alvor. Alle lag spela tre innleiande kampar før 2. plass i kvar pulje møttes i bronsefinale og vinnarane i kvar pulje kom til finalen.
Søya/Todalen sitt lag var dei innledande kampane nesten uovervinnelege, og vann alle sine 3. Det gjorde at dei hamna i finalespel mot Eidsvåg, som dei desverre tapte mot. Etter første omgang stod det 6-1 til Eidsvåg, men etter litt oppmuntrande ord i pausen vart det tilslutt 12-5 som vart sluttresultatet. Målskorarane var Kevin A Brusethaug, Vegard Gjul, Tore Bæverfjord (2) og Odd Magne Grytskog.
Dei andre laga var Tingvoll, Halsa, Straumsnes (2) og Surnadal (2).
Under er ein del bilder frå eit vellykka arrangement. Alle foto: ElinorB