Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hallvard Nordvik og Sagene Puck tok tredjeplassen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. september 2024

Laurdag reiste ishockeyklubben Sagene Puck frå Rindal, forsterka med Hallvard Nordvik til Trondheim og Leangen ishall for å spele sesongens første ishockeyturnering. Vêret gav ikkje assosiasjonar til vinter med over 20 grader, men inne i Leangen ishall var det kaldt nok til at isen var skikkeleg glatt og fin. 

Det var ishockeyklubben Underdogs som var arrangør av turneringa. Sagene Puck spela fire innleiande kampar, og vann tre av desse, men med dårlegare målforskjell enn det andre laget som fekk seks poeng, vart det bronsefinale på Hallvard og rindalingane.  

Bronsjefinalen vann dei, så da kunne dei ta med seg edelt metall heimatt i sesongens første turnering! 
Publisert: 9. september 2024, 19:57