Vi flyttar oss no frå Ansnesleigmålet og innover fjellet til Hallsetleigmålet med bilete frå fotoarkivet til Todalen historielag. Her ligg setrene for Oppistua og Nestua på Hallset. Bernt Bøe skriv i Seterboka for Todalen at det har vore mykje flytting av setrene i Hallsetmarka. Ei tid hadde dei felles seteranlegg på same stad som Oppistusetra ligg i dag. Nestua leigde seg seterrett ei tid på Talgøfjellet, der seterhus var bygd på Hanshaugen. Meir om Hallsetsetrene er det verdt å lese om i seterboka. Vi har lite bilete av setrene på Hallset frå gamalt av i arkivet, men har her samla eit utval frå fotoarkivet til historielaget, og nokre bilete frå nyare tid lånt av private. Vi tek også med nokre bilete av hyttene på leigmålet.