Nordvik Grendalag har med bakgrunn i vêrmeldingane, som melder mykje ruskevêr med regn, bestemt seg for å flytte Halloweenfeiringa torsdag 31. oktober til Nordvik forsamlingshus. Tidspunktet er som tidlegare annonsert klokka 18:00
Arrangørane lover å ordne skikkeleg Halloweenstemning, og serverer pølser med brød, drikke og popkorn!
Grendalaget ønsker både små og store velkomne til Halloweenfeiring i forsamlingshuset.