Det vart skremt livskiten ut av dei fleste da «Halloween» kom i 1978. Laurie Strode (Jamie Lee Curtis) overlevde derimot, og ho må ta opp kampen mot Mike Myers ein siste gong i denne nye skrekkfilmen. Halloween-filmen «byr på noen inspirerte grøss», skriv NRK, så publikum blir «skræmt, ja».
Den andre filmen med premiere denne helga skal prøve å nøste opp kva som hendte da Joshua French og Tjostolv Moland reiste inn i Øst-Kongo i 2009. Filmen har fått varierte kritikkar, men dei fleste har rulla 4 eller 5 på terningen. Aftenposten er mellom dei som var mest nøgd og dreg fram «sterke og nyanserte skuespillerprestasjoner» av Aksel Hennie og Tobias Santelmann.
«A Star is Born» med Bradley Cooper og Lady Gaga i hovudrollene er også ein film med forventningar til; «Utilslørt romantikk», skriv Dagbladet og innrømmer at det er «vanskelig å hindre tårene i å sprette fram».Ellers kan den den norske barnefilmen «Kutoppen» også anbefalast.
Desse fire filmane vil bli vist på fleire gongar utover neste veke, mens Queen-filmen «Bohemian Rhapsody» blir ny film frå neste fredag av.
Heile kinoprogrammet finn du på https://surnadal-kulturhus.no/program-og-billettar/#kino