Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hallingane var tidleg ute

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. februar 2019

I byrjinga av november pågikk det arkeologiske utgravingar i Hallagrenda, og Todalen.no lova å kome attende med info om dei funna som vart gjort der.  For ei tid attende kom det ein foreløpig rapport om funna. Under utgravinga vart det funne 4 kokegroper og eit stolpehol, og dei eldste funna er dater heilt attende til folkevandringstida (400-545 e.Kr).

Ei kokegrop blir undersøkt og prøvar teke. Susanne Busengdal gjorde nøyaktige registreringar med tanke på datering. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er nemleg funne både kokegroper og stolpehol frå folkevandringstida. Stolpeholet er kanskje frå eit langhus og det er litt artig at det kanskje var fastbuande her alt på denne tida, seier Frode Grønmyr, som er grunneigar der funna er gjort. Fleire av funna kan nemleg daterast til folkevandringstida (420-575 e.Kr.), medan den eine kokegopa er datert til vikingetida eller overgangen til mellomalderen (980-1035 e.Kr). Etter kvart kjem det nok ein fullstendig rapport og da blir det kanskje litt meir «kjøtt på beina»?

 

 

Publisert: 5. februar 2019, 12:30