Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Håkon Bøklepp stakk av med seieren

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. juni 2024

Dei tre som kom på pallen var også først ut på starten av Dammen Opp  på Nordvik laurdag føremiddag.  Dei heldt koken heilt til målgang ved dammen på Nordviksetra, og gikk i mål med nokre få sekunds mellomrom.  Håkon Bøklepp trekte det lengste strået, og var først i mål på ny bestetid 14:21, medan Isak Drøpping gjekk i mål på 14:30 – berre 9 sekund etter.  På tredjeplass kom Erik Kårvatn, på tida 14:45 – 24 sekund etter vinnartida. 

Frå starten – først ute er Erik Kårvatn, Isak Drøpping og Håkon Bøklepp. Målgangen vart i omvendt rekkjefølge. Foto Jon Olav Ørsal

På dei neste plassane kom Ivar Vikan på19:15 og Bjørnar heggset Nes på 19:22.  I dameklassen var det Lisabeth Sætherbø som fekk beste tid, medan Elise Einum kom på andreplass på tida 20:06 – 1:45 etter vinnartida. Totalt var det 23 deltakarar med og utan tidtaking.  

Spreke gutar klare for start – Emil, Mathias, Adrian og Anders har fått startnummer på brøstkassen. Foto Jon Olav Ørsal

Basen for arrangementet var i Nordvik forsamlingshus, og her var det både sal av bakels og graut, sekretariat og premieutdeling.  Med sol frå nærast skyfri himmel var det fine tilhøve for arrangementet, og det viser da resultatet, der dei tre beste kom inn under den gamle rekorden til Håvard Gjeldnes som var 14:47 frå i fjor.  

Bildegalleri  frå  Dammen opp 2024 – foto Jon Olav Ørsal

Bildegalleri frå Dammen Opp 2024  – Foto Mette Sæter Ormset

Først publisert: 15. juni 2024, 12:33 - Sist oppdatert: 16. juni 2024, 16:13