Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hagevandring i arboretet – fargerikt og fint

Dordi Jorunn Halle Onsdag 29. mai 2024

Siste onsdagen i mai inviterte Svinviks arboret til hagevandring i lunsjtida med Katarina Wedelsbäck som omvisar.

Katarina er fagansvarleg i arboretet, og ho har ein doktorgrad i hagevitenskap. Ho har arbeidd i arboretet i elleve år, men 21. juni er det slutt. Katarina er frå Sør-Sverige og arbeidsvegen er lang, så no ønsker ho å bli bufast heime. Men ho skal halde fram med prosjektarbeid knytta til arboretet.

Lunaste plassen i hagen. Katarina fortel om Halvor og Anne, historia til arboretet og vekstene. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Apeskrekk veks vilt i Chile i Sør-Amerika. Halvor var stolt over å ha apeskrekk i hagen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Sola skein og dagen var varm, så Katarina passa på å ta stoppane for å orientere om historia, plassen og plantene i gode skuggar. Omvisinga starta med at Katarina tok fram den unike historia om Anne og Halvor Svinvik og livsverket deira. Dei var båe to lidenskapelege interesserte i planter og kva vekstforhold som passa best for kvar plante. Gjengsto ligg mellom fjorden og ein bergknaus som magasiner varme og held på fuktigheita, og ligg i tillegg i ly for nordavinden, – ein god plass for eksotiske planter.

Halvor fekk interesse for planter og botanikk alt som skuleelev på Nordvik; og om hagen til læraren skriv han slik i dagboka si: «Hagen hos Skrøvset ved skulestua på Nordvik var uvanleg velflidd, og penare blomehage har eg knapt sett sidan.» Og Halvor noterte og skreiv dagbok heile livet; no ei kjelde til stor kunnskap om oppbygginga av arboretet og plantene. Både katalogar og kvitteringar for plantehandel er bevart. Samlinga rommer i dag 600 planter med registrert genressursverdi i det nasjonale Genressursenteret. Imponerande!

Magnolia, liknar mykje på rododendron, men feller blada om hausten. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Iris – ei hageplante frå «gamle dagar». Foto: Dordi Jorunn Halle.

Arboretet er mest kjent for rododendron og vårblomstring, men her er det også ei stor samling av frukttre. No blir det også arbeidd for å plante stauder som blomstrar sommar og tidleg haust som georginer, peonar, gamle rosesortar, akeleier, dagliljer, asalea med fleire. Dermed kan sesongen vare lengre.

Katarina hadde mykje interessant å fortelje og svara velvillig på spørsmål.

Det blir høve til å bli med på omvising både onsdag 5. og 12. juni.

Asalea – luktar godt. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Her ser vi at arboretet lunt til. I drivhuset veks det gode druer. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

Publisert: 29. mai 2024, 21:00