Ved Hageland i Surnadal prisa dem finvêret med å lage trailersalg av hagemøblar utafor butikken fram til helga, og det var populært. Det er unike prøvemøblar som blir selt på denne måten, fortalte dagleg leiar May Britt Dyrli da vi var innom ein snartur.
Det går no mot full sesongstart på Hageland, og det meste av planter og busker er alt på plass, og dei første sommarblomstrane er også i kjømda. Retteleg vårstemning var det i butikken og dersom finvêret held og det etter kvart blir litt betre temperatur, så blir det nok «våronn» i hagane for fullt. Hageland har alt kjørt eit par veker med søndagsope no, og vil fortsette med det ut juli månad
Bildeglimt frå Hageland Surnadal, der det meste av vårvarene er på plass i butikken. Alle foto: Jon Olav Ørsal