Surnadal Hagesenter As er det rette namnet på det nye hagesentret som blir bygd ved sia av Byggmakkerbutikken på Syltøran. I forrige veke kom stålkonstruksjonane til bygget, og før helga starta arbeidet med montering av det 2600 m2 bygget som skal bli eit fullverdig hagesenter i Hageland-kjeda.
Bygget er levert av det danske firmaet Gardiline, som leverer stålbygget ferdig montert. Resten er det lokale firma som er ansvarleg for, og grunnarbeidet er utført av Mikkelsen Maskin, fundament og sammenbyggjing mot Byggmakker sørger Consto Surnadal for, medan Comfort surnadal har ansvar for VVS og El-Co det elektriske anlegget.
Ingeborg Langan Børset blir dagleg leiar for Hageland, og ho gler seg til å få gjort unna byggearbeidet og monteringa av utstyret slik at dei kan starte førebuingane til opninga. Ingeborg er utdanna gartner, og har lang erfaring i drift av hagesenter, sist ved Viddal Hagesenter i Spjelkavik og starta i jobben tidlegare i haust.