Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hageland opnar «julebutikken»

Jon Olav Ørsal Fredag 15. november 2024

Torsdag 14. november opna Hageland Surnadal julebutikken. Dette er ein landsomfattande kampanje for Hagelandkjeda landet rundt.  No bugnar det med julevarer – juletre, julelys, julepynt og ikkje minst juleblomster i butikken.

Hubertine og Anita er arkitektana attafor julebutikken – sammen med resten av gjengen har dei jobba med juleutstillinga den siste månaden. Foto Jon Olav Ørsal

Hubertine Roebroek, som er gartnar på Hageland, og Anita Talgø har samen med resten av gjengen jobba i halvanna måned med juleutstillinga for å få alt klart til denne dagen. No er hagesentret ope frå måndag til laurdag, men i desember vil det og bli søndagsope.

Den flotte julebyen på Hageland – her er det nok mange store og små som får blanke auge. Foto Jon Olav Ørsal

Julebutikken vår har aldri vore så flott, seier dei to og er synleg stolte av resultatet.  Heile butikken ber preg av jul, og mange tok turen til Hageland på opningsdagen for å studere juleutstillinga litt nærare. Opningsdagane bys det på gratis kagge og bakels med graut.

Bakels med graut til kaffen er slett ikkje verst – på opningsdagen var det skikkeleg pågang i kaffekroken på Hageland. Foto Jon Olav Ørsal

Hageland Surnadal er Nordmøres største hagesenter, og har tilhald på Syltøran like ved Ørabrua. Primærmarknaden for hagesenteret er Surnadal, Rindal og Halsa, men vi har mange kundar også frå Kristiansundområdet, Aure, Smøla og til og med frå Trøndelag, fortel Anita Talgø til Todalen.no. Hagesenteret har hatt ei fin utvikling frå den spede start i 2013, og er no godt etablert i marknaden.

Oddmund og Nina hadde ein travel dag i kassa torsdag – Foto Jon Olav Ørsal

Vi tok ein runde i butikken og har laga eit lite bildegalleri som du finn nedafor – alle bilder Jon Olav Ørsal:

 

Først publisert: 15. november 2024, 12:11 - Sist oppdatert: 16. november 2024, 10:22