På Hageland opna dei «julebutikken» i dag. Alle julevarer er på plass i butikken og opningsdagen blir markert i alle Hageland på denne dagen. – Aldri har vi vel hatt så flott juleutstilling og så mykje julevarer på plass i butikken som vi har i år, seier May Britt Dyrli. Dette markerer vi på opningsdagen, og fram til og med laurdag, med 30 % rabatt på alle julevarer.
På opningsdagen har vore stor trafikk i butikken, og meir kjem det nok til å bli, for i dag har vi langope til kl. 22, fortalte Maj Britt. Og butikken bar skikkeleg preg av julestemning. Eit kjempeutval i juletrær og juletrepynt var på plass i butikken, i tillegg til mykje anna typiske julevarer og krims krams som høyrer jula til. Ho reknar med at det blir ei travel tid fram til jul, og minner samtidig om at Hageland blir søndagsope dei 4 søndagane i desember – fram til jul.