Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hageland dreg i gang ein ny julesesong

Jon Olav Ørsal Sundag 2. november 2025

Måndag 3. november går startskotet for ein ny julesesong på Hageland Surnadal.  Sia starten i 2013 er det altså 13. gong at julelysa tennes og julehandelen er i gong for alvor.  Og aldri har det vel vore større utval i julevarer enn det er i år – mellom anna kan vi skilte med norges største utval i kunstige juletre – både store og små og med og utan julelys, seieer Anita Talgø som er butikksjef på hagesentret.

Klare til å ta i mot kundestraumen – måndag er julekolleksjonen komen på plass – foto Jon Olav Ørsal

Hageland Surnadal vil heile opningsveka servere gratis kaffe med tilhørande bakels og graut – det skal være ein gest til kundane som kjem på julehandel denne veka. Og Anita reknar med at det blir storinnrykk på Hageland der dei på på heile 30% på alle julevarer denne veka.  Unnatak er berre varer som kjøres til fast lågpris heile julesesongen.  Hageland har laga eit eige julemagasin som du kan laste ned digitalt – last ned julemagasinet her

Aldri har det vore meir julevarer i hagesentret seier butikksjef Anita Talgø. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. november 2025, 17:42