Våren 2013 er det klar for å opne dørene til eit nytt hagesenter i Surnadal. Det skjer i tilknyting til Byggmakker og MøreTre på Syltøran, og når vinteren slepper grepet skal alt være på plass. Konsernsjef Terje Talgø fortel at dei lenge har jobba med dette prosjektet, som naturleg høyrer saman med satsinga på Talgø OutLiving®-kolleksjonen. Den nye satsinga vil være med og forsterke produktområdet hage og fritid, som er ein av dei hurtigast veksande varegrupper i Talgøkonsernet.
Det nye hagesentret blir etablert vegg i vegg med Byggmakker Surnadal, og vil omfatte eit anlegg med butikk på rundt 2600 m2 og eit område ute på nær 2000 m2. Heile anlegget er kostnadsrekna til rundt 16 mill. kroner. Det nye hagesentret blir altså knytt til Hageland-kjeda som har over 50 hagesenter over heile landet. I hagesentra blir det omsett hagemøblar, blomster og plantar, jord og gjødsel, reiskapar og tilhøyrande utstyr for hus og hage.
Gjennom satsinga på Talgø OutLiving har Talgø for alvor gjort seg synlege i hage og fritidsmarknaden, og det nye hagesentret har eit konsept som naturleg vil passe saman med Byggmakkers sortiment, seier Talgø. Han fortel vidare at alle prognosar og analysar viser at det no er rett tid for å satse i hage og fritidsmarknaden.
Bygginga av det nye hagesentret tek til alt i haust, og skal ver kome under tak før vinteren tek grep for alvor. I løpet av vinteren skal montering av utstyr og innreiing skje og når det lir mot vår igjen skal det være klart for opning. Ingeborg Langan Børset er tilsett som fagleg ledar, og ho startar i den nye jobben alt i haust, og skal følgje oppbygginga av det nye hagesentret og førebu opninga til våren.
Talgø har sjølv stor tru på denne satsinga, og meiner at den vil demme opp for ein stor handelslekkasje ut frå Surnadalsregionen samstundes som den vil gje nye arbeidsplassar. Dei næraste hagesentra ligg i dag på Grøa, Frei/Kristiansund og Fannrem, og det er betydeleg trafikk dit.