Hageland markerer i dag at julesesongen har starta for alvor, og kan vel nærast kalles for Juleland no i vekene fram mot jul. Butikken ber iallfall preg av at jula nærmar seg og har fått alle julevarer på plass og det har vorte skikkeleg julestemning i butikken og feirer sesongstarten med langope til kl 22 torsdag kveld, og med 30 % rabatt på alle julevarer til og med laurdag. Hageland Surnadal er vel faktisk Nordmøres største hagesenter og held til på Syltøran i Surnadal. I desember vil det også bli søndagsope dei 3 søndagane før jul.
Torsdag ettermiddag var det mange som var innom hagesentret, der det er lagt opp til trygg handel. I den store butikken er heile det oppvarma arealet i bruk, så det er god plass til dei som kjem for å handle. Det er også skikkelege rutinar og oppfølging gjennom handlerunden, slik at det er lett å halde trygg avstand både til betjening og andre kundar. Ein fordel er det også å starte julehandelen såpass tidleg, slik at ein får spredd handelen – det kan også være lurt å starte handen tidleg på dagen for den som har høve til det.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2020/11/Hageland_MayIrenHoemAnitaT_8206-1200x800.jpg)
Prøva godstolen – May Iren Hoen får gode møbelråd med Anita Talgø frå Hageland. Foto: Jon Olav Ørsal
Vi tok ein runde i «Juleland» og har lagt ut nokre bilder for å vise litt av julestemninga som no er på plass. Alle foto: Jon Olav Ørsal