Denne helga er det siste sjangse for å besøke Svinviks arboret for i år. Det betyr at sommaren er på hell, men du kan enno ta turen til arboretet laurdag og søndag som er dei to siste opningsadagane. Begge dagar er det ope mellom kl 12-17. Søndag 12. august arrangeres også «1000 opne hagar» i regi av hagelaga, og Surnadal hagelag melder at det her i kommunen er to private hagar som blir opne for publikum denne dagen – nemleg i Todalshaugen hos Dordi og Johan Hals og i Bøfjorden hos Marta og Oddmund Gravvold.
I Todalen kan du altså kombinere besøk i Svinviks arboret med besøk i Hagen i Todalshaugen. I arboretet lokkar dei med både idyllisk hagevandring og kafèbesøk. Vi anbefaler alle å nytte denne finvêrshelga til hagevandring både i Todalshaugen og i Svimnviks arboret.