Surnadal museum og Surnadal hagelag samarbeider om årets «hagedag» på museet på Åsen laurdag 21. mai. Hagelaget held sitt årlege planteloppemarked i gardstunet – her kan du finne eit spennande utval av planter og samtidig støtte ei aktiv forening!
Museet inviterer litt seinare til boklansering, det er kildeskriftet «Jacob Chr. Tokles dagbok 1827-1838» som blir gitt ut i samarbeid mellom Nordmøre museum og Nordmøre historielag. Tokle (1779-1858) budde på Austigard i Ytre Stangvik, og skriv i sine dagboknotatar mellom anna om korleis han eksperimenterte med hagebruk og fruktdyrking i Stangvik på 1830-talet. Skildringar av kvardagslivet i Stangvik finn vi også – her er det både lokalhistorie og hagehistorie å finne!
På lanseringa vil dei som har vore involvert i arbeidet presentere interessante funn i notatane, frå kvart sitt ståsted. Jonny Lyngstad (Nordmøre historielag) har transkribert manus, Odd Williamsen (Nordmøre museum) har vore redaktør, og Katarina Wedelsbäck-Bladh (Nordmøre museum, avd. Surnadal) har oversatt og kommentert Tokles botaniske register.
Tokle var forøvrig kanskje mest kjent som kiste- og rosemålar – det finst mange kister måla av Tokle i hus og heimar! Det er første gang boka vert presentert offentleg, og det blir naturlegvis høve til å kjøpe boka denne dagen.
Tida mellom planteloppemarked og boklansering kan du nytte sjå deg rundt i museumsutstillingane, og kjøpe kaffe og nysteikte bakels!