Del hagegleda med andre, er mottoet til Hageselskapet som står attafor det landsomfattande arrangementet «1000 opne hagar». Mange av Hageselskapets medlemar over heile landet har søndag 12. august invitert til open hagedag. Her i Todalen har Johan Todalshaug Hals i Todalshaugen delteke i arrangementet, og har gjennom søndagen teke mot besøkande i det flotte hageanlegget han har laga.
Johan starta så smått alt på 70-talet, da han planta fleire tre i hagen. Da vart det planta både hemlock, Tuja, furu, bøk, eik, ask, lind og fleire sortar edelgran. Men arbeidet arbeidet med hageanlegget starta egentleg når han og kona Dordi flytta heim til Todalshaugen først på 2000-talet. Dei første åra vart nok det meste av arbeidsinnsatsen lagt i renoveringa av våningshuset, men rundt 2005 vart det meir tid til hagearbeid og da Johan vart pensjonist vart det meir tid i hagen.
Johan fortel at det starta med planting av rododendron, som vart spredd gjennom heile hagen. Sidan vart det planta staudar og busker mellom rododendronane og anlagt sti mellom beda, og har no vorte ein reint så staseleg hageanlegg. Det er på hundrevis av forskjellige planteslag i hagen, og Johan fortel at det har blomstra i heile sommar, på tross av det dårlege sommarværet. For det dårlege sommarværet har hemma blomstringa, slik at enkelte planter har råtna opp før dei rakk å bere fram blomster.
I hagen er det også bygd ein fin paviljong, der vi vart servert kaffe og kaker på visningsdagen. Da Todalen.no var innom var det enno for tidleg for det heilt store innrykket, men det strøyma på jamnt med besøk utover dagen. Ta en kikk på bilda i bildegalleriet nedafor, for i dette tilfellet fortel nok bilda meir enn ord om det fine hageanlegget. Og fikk du ikkje med deg den opne hagedagen på søndag, så trur vi at Johan og Dordi tek i mot deg om du kjem ein dag seinare også om du no får lyst til å sjå det «live».
Bilder frå hagen i Todalshaugen på den opne hagedagen 12. august. Alle foto: Jon Olav Ørsal