Oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune fortel at dei i dag har hatt befaring til Øyabrua. Der vart det oppdaga at sperresteinane som skal markere tillatt breidde på 2,10 m for kjørety som kan passere er flytta. Nokon har teke seg til rette og flytta steinane, og det var lett å sjå traktorspor på begge sidene av brua. Dette er hærverk på offentlig eiendom, og går direkte på helse, miljø og sikkerheten til brukerne av brua. Det er tross alt en grunn for at sperresteinene står som de gjør, seier han. Kommunen er villige til å gje ein sjanse, men….
Bøe seier at dei er villige til å gje dei som har gjort dette ein sjanse til å rette oppatt dette. Mannskap frå Surnadal kommune vil foreta ein ny inspeksjon av brua fredag 4. mai, og dersom steinane ikkje er på plass da, vil saka bli meldt til politiet og brua blir umiddelbart stengt og ikkje opna igjen før ny bru er på plass.
Saka oppdatert torsdag kveld:
I kveld er steinane og markeringa av maksimal breidde på kjørety som kan passere Øyabru tilbake på plass igjen. – Det er vi veldig glad for, og da slepper vi ei politisak og stenging av brua i kjølvatnet av dette, seier oppsynsmann Gunnar Bøe til Todalen.no torsdag kveld.