I samband med dugnaden i ungdomsrommet vart det oppdaga at det har vore gjort hærverk inne i klubbhuset på Bordholmen stadion. Eit pulverapparat, som står i dommargarderoben har fått fjerna sikringen og noko av pulveret er spruta ut. Dette må ha skjedd ein av dei siste dagane.
Pulveret i slike pulverapparat spreier seg fort til store områder, og det er eit omfattande vaskearbeid som må gjerast for å få fjerna alt pulveret frå golv og veggar, sjølv om det i utgangspunktet er små mengder som er spruta ut. Idrettslaget vil i morgon ta kontakt med forsikringsselskapet sitt for bistand.
– Dette er berre trist, seier leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme. – Berre i kveld har vi hatt to til å måle i ungdomsrommet, tre til å montere nye fotballmål, og to til å slå turstien til St. Hans-feiringa der i morgon. fortel ho. Mange står på og legg ned mange timar med frivillig dugnadsarbeid for å halde anlegga våre i god stand, men det tek berre kort tid å øydelegge mykje, legg ho til.
Det er også oppdaga litt hærverk ved gapahuken i Toåa tursti. Her har nokon funne ein sprayboks med måling og spraya litt på bålpanna og den eine veggen på gapahuken.
– Vi håper at den eller dei som har gjort dette forstår at dei som legg ned mange dugnadstimar på anlegga til idrettslaget blir skuffa, avsluttar Turid H. Sæther og Elinor Bolme i styret i Todalen Idrettslag.