Søndag hadde Sigrun og Johan i Utigard på Ørsal besøk av hadelendinger som hadde spora slekta si attover til 7x-tippoldefaren Johan Ørsall som var brukar der i 1645. Johan hadde sønnen Karl, fødd i 1661 eller 1656. Han slo seg ned i Karlhaugen på Eidet som den andre brukaren som er kjendt der. Søskena Marit Bjørgeengen Christensen og Egil Bjørgeengen kunne følge slekta videre frå Karlhaugen til Mogstadbakken og Austitua Øye i Surnadal. Derfra bar det via Trondheim til Østlandet og Hadeland.
På bildet:
Sigrun og Johan Ørsal med gjestene Marit Bjørgeengen Christensen, Egil Bjørgeengen, Anita Bjørgeengen, fødd Heim og oppvokst på Sunndalsøra, og Øivind Christensen. Foto: Lars Gudmund Røen