I kveld kom tabelleiar Clausenenga 1 på besøk på Bordholmen for å stadfeste sin posisjon i klassen J16. Heimelaget STUK hadde derimot ikkje tenkt å gi byjentene ein lett match og ein kan nok seie at STUK dominerte store deler av kampen, til tross for at dei ikkje viste årsbeste i følge oppmann Ståle Ansnes.
![thumb_img_1793_1024](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/09/thumb_IMG_1793_1024.jpg)
CFK 1 gjekk opp i ledelsen etter 30 minutt av første omgang, med ein av få sjansar mot mål.
![thumb_img_1795_1024](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/09/thumb_IMG_1795_1024.jpg)
Men det blir frispark til STUK rett etterpå. Emma Sæther sett ballen i krysset på tverrleggar, men ballen var dessverre ikkje inne.
![thumb_img_1798_1024](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/09/thumb_IMG_1798_1024.jpg)
Marit Ingeborg Ansnes hadde mange store sjansar framfor målet, men fekk dessverre inga utteljng i dag. Ho er forøvrig toppscorar i denne klassen i år, med totalt 13 mål så lang.
![thumb_img_1791_1024](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/09/thumb_IMG_1791_1024.jpg)
Temperaturen på sidelinja var til tider engasjerande. I andre omgang fekk CFK inn 2-0 etter ca 65 minutts spel.
![thumb_img_1808_1024](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/09/thumb_IMG_1808_1024.jpg)
STUK svara med 1-2 fem minutt etterpå og dominerte resten av kampen. Jentene kjempa godt, og hadde nok fortjent eit uavgjort resultat.