Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ha ein fin dag – og no kjem varmen!

Jon Olav Ørsal Sundag 9. april 2023

Ei lita overrasking og eit ønske om å ha ein fin dag hong urørt på eit skilt i Toåa tursti i dag tidleg.  Ei lita anonym helsing til ein like anonym finnar  – vi opna ikkje så vi veit ikkje kva som stod, men vi skulle kanskje vore dyktigare til å ønskje kvarandre ein god dag, eller eit ønskje om godt vêr.  

Ønskjet om eit godt vêr har i allfall slege til i full mon denne påska – med sol frå blå himmel kvar dag i to veker.  No har det faktisk vorte ein vane med sol og finvêr, og det har nok yr.no teke konsekvensen av, for den neste 10-dagersperioden melder dei overskya eller lettskya omtrent kvar dag, men til gjengjeld lovar dei mildver på 10-12 grader kvar dag. 

Ha ein fin dag!

Publisert: 9. april 2023, 10:23