I løpet av helga har kunstnar Ole Mauset vore på Kårvatn for å lage til eit bestillingsverk som skal stå utanfor butikken på ein av haugane der. Kunstverket har fått titelen «Undervegs» og har, etter kva todalen.no har fått opplyst, eit tema som passar omgivelsane på Kårvatn godt.
Statua er heilstøypt på staden, med hjelp av ei stor gips- og silikonform. I dag vart siste hand på verket gjort, med støyping av sokkel og litt finpussing og polering av sjølve statua, før den vart omhyggeleg innpakka igjen. Statua skal nemleg avdukast etter åpninga av Norsk Vandrefestival tirsdag 10. august. Avdukar er Kristin Krohn Devold.
Og som de ser av biletet har Ole Mauset har fått hjelp av Gunnar Nordvik til grunnarbeidet og støypinga av kunstverket.