No er det sesong for å plante ut blomster og busker i hagen. Langtidsvarslet fortel at sommarvarme er i kjømda, og dermed er det ikkje langer fare for frostnetter. Du trengikkje dra langt for å kjøpe blomster i år, for to driftige damer på Kvennset har eit breidt sortiment å by på. Dei to, Ingunn Kjølstad (Sisihaugen) og Erika Kvendset (Kvennsettrøa) driv i kvar sin hage. Ingunn driv med eittårig blomster, medan Erika har med fleirårige blomster og busker.
Hos Ingunn er det fullt av blomster både i drivhuset, og rundt om kring i hagen. Ho ramsa opp mange sortar og nokre av dei fekk vi ned på papiret. Her finns hengpetunia, vanleg petunia, tagetes, lobelia, gazania, pyntekorg, små stemor, granium, verbenia, isbegoniajøglermirakelblomst og mykje meir.
Erika har også okkupert heile hageanlegget heime i Kvennsettrøa. Med Johan som dreng gror det opp staudar og busker over alt, og her finns det som sagt mest fleirårig planter og typiske vårblomstrar. I utvalget finn du snøklokker, tulipaner, påskeliljer, primula, akeleier, ridderspore, iris og mykje meir. Av bunsker kan vi nemne eik, blågran, sølvgran, gullregn og kastanjer.
Ta turen innom og sjå kva som finnst av utvalg. Vi trur både vareutvalget og prisane er konkurransedykte!