Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gyda: Fuktig og vindfull natt

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. januar 2022

Gyda har markert seg det siste døgnet – det har vore både vindfullt og store nedbørsmengder har kome ned.  Toåa har hatt ei jamn stigning frå i går i 12-tida, da vassføringa 1,2 m3/sek til i dag tidleg kl 5 (nyeste måling frå NVE i skrivande stund) da vassføringa var kome på 69 m3/sek.  

Fyrhushølen ved Gammelfabrikken

Da har vassføringa både i Toåa og i sideelvane steget jamnt gjennom kvelden, natta og morgontimane, og ser ut til å fortsette å vokse utover morgontimane.  Vêrmeldinga på yr.no bekreftar da også det. Vi reknar med at elvane fortsette å vekse til nedbøren etter kvart går over til snø i løpet av dagen. 

Vi har i dag tidleg teke ein fotorunde og teke nokre flaumbilder – dei fleste frå Toåa.  Dei viser at det etter kvart har vorte mykje vatn og vi reknar med at vassføringa ved Storfossen no i 10-tida er kome på nærare 90 m3/sek.  I tillegg kjem sideelvane – der Romåa og Haukås er dei største.  

Ved Hagan/Bakkbygninga Foto: Jon Olav Ørsal

Frå Hafallmelen mot Ramsøya Foto Jon OLav Ørsal

Enkelte vegar har nok fått «litt kjør» i løpet av natta. Foto Jon Olav Ørsal

Lauvåa – mykje vatn, men ikkje spesiel stor. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. januar 2022, 10:25