Gyda har markert seg det siste døgnet – det har vore både vindfullt og store nedbørsmengder har kome ned. Toåa har hatt ei jamn stigning frå i går i 12-tida, da vassføringa 1,2 m3/sek til i dag tidleg kl 5 (nyeste måling frå NVE i skrivande stund) da vassføringa var kome på 69 m3/sek.
Da har vassføringa både i Toåa og i sideelvane steget jamnt gjennom kvelden, natta og morgontimane, og ser ut til å fortsette å vokse utover morgontimane. Vêrmeldinga på yr.no bekreftar da også det. Vi reknar med at elvane fortsette å vekse til nedbøren etter kvart går over til snø i løpet av dagen.
Vi har i dag tidleg teke ein fotorunde og teke nokre flaumbilder – dei fleste frå Toåa. Dei viser at det etter kvart har vorte mykje vatn og vi reknar med at vassføringa ved Storfossen no i 10-tida er kome på nærare 90 m3/sek. I tillegg kjem sideelvane – der Romåa og Haukås er dei største.